Historisk arkiv

Petroleumsfondet - auka fokus på miljø og menneskerettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

24. november 1997

Finansminister Gudmund Restad:

- Petroleumsfondet - auka fokus på miljø og menneskerettar

- Regjeringa vil gå gjennom retningslinjene for Petroleumsfondet med sikte på å fokusere sterkare på miljø og menneskerettar, seier finansminister Gudmund Restad. Det har i dag kome kommentarar til at regjeringspartia i finanskomiteen i samband med budsjettinnstillinga ikkje har føreslått endringar i forskriftene. Forskriftene blei fastsette i oktober og skal gjelde frå 1. januar 1998. Fordi det har vore svært kort tid til å arbeide med endringer i retningslinjene vil Regjeringa arbeide vidare med dette slik regjeringspartia har sagt i finansinnstillinga.

I forskriftene om forvaltninga av Statens petroleumsfond er det allereie lagt inn klare grenser for plassering av fondet, mellom anna ved val av land og børsar. Det er også lagt inn formuleringar om at Petroleumsfondet berre skal vere ein finansiell investor.

Finansministeren understrekar at Regjeringa treng meir tid til å vurdere forskriftene.

- I den gjennomgangen Regjeringa skal gjere må ein sjå korleis ein kan ta omsyn til menneskerettar og miljø, seier Restad.

- Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i løpet av våren med spørsmålet om supplering av retningslinjene for plassering av Petroleumsfondet.

Lagt inn 25 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen