Historisk arkiv

-Aksepterer ikkje framlegget frå ESA om endringar i arbeidsgivaravgifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.1/98
Dato 22.01.98

-Aksepterer ikkje framlegget frå ESA om endringar i arbeidsgivaravgifta

Regjeringa har no sendt svar til ESA etter at ESA opna sak mot Noreg i november 1997. - Vi aksepterer ikkje ESAs framlegg til endringar i den differensierte arbeidsgivaravgifta, seier finansminister Gudmund Restad.

- Regjeringa vil føra vidare den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta, seier finansminister Gudmund Restad. Vi meiner at denne avgifta er ein del av det generelle skattesystemet og fell difor utanfor EØS-avtala. ESA kan difor ikkje krevja endringar i arbeidsgivaravgifta.

- Den differensierte arbeidsgivaravgifta er eit målretta og viktig distriktspolitisk verkemiddel, som betyr mykje for å styrke busetnaden i distrikta, seier finansminister Gudmund Restad.

EFTA sitt overvakingsorgan ESA vedtok den 19. november 1997 å opne formell saksgang mot Noreg i saka om den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta. Dette vil innebere at saka blir lagt ut til open høyring i EU og EØS-landa. Denne høyringa vil legge grunnlaget for ESA sitt endelege vedtak.

Vedtaket av 19. november 1997 er ei oppfølging av ESA sitt vedtak av 14. mai 1997 om framlegg til "formålstenelege tiltak". esa held fast på sitt tidlegare syn på den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta. Det vil seia at hovudtrekka i den differensierte arbeidsgivaravgifta kan halde fram, men at Noreg må sette i verk visse endringar for at den ikkje skal bli råka av statsstøttereglane i EØS-avtala.

Om lag av 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vil kunne vidareførast dersom ESA sitt forslag til endringar blir fulgt. Imidlertid vil om lag 200 bedrifter i distrikts-Noreg måtte betale avgift etter høgste sats på 14,1 prosent. Det gjeld skipsbygging, kraftforsyning, petroleumsverksemd, enkelte bergverksbedrifter, ei stålbedrift, telekommunikasjonsbedrifter, lastebiltransportselskap med meir enn 50 tilsette og finansielle føretak som driv internasjonal verksemd. ESA vil fatte eit endeleg vedtak i saka seinare i år, etter at alle interesserte partar og Noreg har uttalt seg i saka.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik
Telefon: 22 24 41 09

Lagt inn 22 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen