Historisk arkiv

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: Regjeringa held fast på sitt standpunkt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 77/98
Dato: 13. november 1998

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: Regjeringa held fast på sitt standpunkt

Noreg sender i dag oppmoding til EFTA-domstolen om at det norske søksmålet i saka om den differensierte arbeidsgjevaravgifta skal givast utsetjande verknad. ESA meiner mellom anna at nokre næringar må betale auka arbeidsgjevaravgift. Utsetjande verknad vil innebere at ei eventuell plikt til å følgje ESA sitt vedtak blir utsett til domstolen sitt endelege vedtak ligg føre.

Regjeringa meiner at skattepolitikken ikkje er omfatta av EØS-avtalen og at vilkåra såleis er til stades for å føre vidare ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift i dei to nordlegaste fylka og i einskilde distrikt. Endringar i arbeidsgjevaravgifta i tråd med ESA sitt vedtak kan under inga omstende skje utan vedtak i Stortinget.

For arbeidsgjevarane si plikt til å betale arbeidsgjevaravgift til staten er det avgjerande kva som gjeld etter norske interne reglar slik dei er vedtatt av Stortinget. Det er derfor ikkje mogleg å krevje inn nokon auka arbeidsgjevaravgift i tråd med ESA sitt vedtak før dette eventuelt er vedtatt av Stortinget.

Arbeidsgjevarane vil derfor kunne avvente eit eventuelt stortingsvedtak før eventuelle endringar i avgiftsplikta kan melde seg.

EFTA sitt overvakingsorgan ESA fatta sitt endelege vedtak i saka om den differensierte arbeidsgjevaravgifta 2. juli i år. ESA meiner at hovudtrekka i den regionalt differensierte avgifta kan oppretthaldast, men at Noreg må gjere nokre endringar for at ordninga ikkje skal vere i strid med reglane om statsstøtte i EØS-avtalen. ESA sette 31. desember 1998 som frist til å gjera endringane som gjekk fram av vedtaket.

Regjeringa har heile tida meint at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta er ein del av det generelle skattesystemet, som fell utanfor EØS-avtalen. Regjeringa brakte derfor ved stemning 2. september i år saka inn for EFTA-domstolen med påstand om at vedtaket er ugyldig. Ei avgjerd frå EFTA-domstolen vil sannsynlegvis kome i løpet av 1999.

Regjeringa finn det svært urimeleg om Noreg må rette seg etter ESA sitt vedtak før det er falle dom i EFTA-domstolen. Dette gjeld særleg på grunn av det forholdsvis korte tidsrommet det er tale om til endeleg avgjerd føreligg. Ei mellombels og hastverksprega oppfylling av ESA sitt vedtak kan også ha mykje å seie for enkelte bedrifter i distrikta.

Finansdepartementet søkte på dette grunnlag ved brev av 14. september 1998 ESA om at overvakingsorganet skulle forlenge fristen som var sett i vedtaket, frå 31. desember 1998 til 1. januar 2000. ESA avslo søknaden i brev av 8. oktober 1998, blant anna ved å vise til at EFTA-domstolen kan gi søksmålet utsetjande verknad. Oppmoding for EFTA-domstolen om at søksmålet skal bli gitt utsetjande verknad blir sendt frå Regjeringsadvokaten og Utanriksdepartementet i dag.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 16. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen