Historisk arkiv

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: Noreg bringar ESA sitt vedtak inn for EFTA-domstolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 54/98
Dato: 2. september 1998

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta:

Noreg bringar ESA sitt vedtak inn for EFTA-domstolen

Regjeringa bringar i dag ESA sitt endelege vedtak i saka om den differensierte arbeidsgjevaravgifta inn for EFTA-domstolen med påstand om at det er ugyldig.

EFTA sitt overvakingsorgan ESA gjorde sitt endelege vedtak 2. juli i år. ESA meiner hovudtrekka i den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta kan oppretthaldast, men at Noreg må gjere nokre endringar for at ordninga ikkje skal bli råka av reglane for statsstøtte i EØS-avtalen . Regjeringa har heile tida meint at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta er ein del av det generelle skattesystemet som fell utanfor EØS-avtalen.

Saka blir bringa inn for EFTA-domstolen ved stemning som blir sendt frå Regjeringsadvokaten og Utanriksdepartementet i dag. Ei avgjerd frå EFTA-domstolen vil venteleg kunne kome i løpet av 1999.

Om lag 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vil kunne førast vidare dersom ESA sitt vedtak blir følgt, men nokre bedrifter i distrikta vil måtte betale avgift etter høgste sats på 14,1 prosent. Etter dette pålegget må Noreg og rapportere om ordninga kvart år. Den ordninga ESA godkjenner i sitt vedtak, er heller ikkje godkjent på permanent basis. Ordninga skal reviderast innan utgangen av år 2003.

ESA meiner høgste sats skal gjelde for skipsbygging, kraftforsyning, petroleumsverksemd, enkelte bergverksbedrifter, ei stålbedrift, telekommunikasjonsbedrifter, lastebiltransportselskap med meir enn 50 tilsette og finansielle føretak som driv internasjonal verksemd. Vidare krev ESA at Noreg må revurdere dei geografiske sonene for den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta i delar av Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Hedmark.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 2. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen