Historisk arkiv

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: EFTA-domstolen har gitt Noreg medhald i at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta ikkje må endrast allereie frå 1. januar 1999

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 87/98
Dato: 14. desember 1998

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: EFTA-domstolen har gitt Noreg medhald i at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta ikkje må endrast allereie frå 1. januar 1999

- Ei viktig og positiv avklaring for næringslivet, uttalar finansminister Gudmund Restad

EFTA-domstolen har i rettsavgjerd av 11. desember 1998 gitt det norske søksmålet i saka om den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta utsetjande verknad. Det vil seie at Noreg ikkje treng å følgje ESA sitt vedtak om at nokre næringar må betale auka arbeidsgjevaravgift før domstolen eventuelt stadfester vedtaket i si endelege avgjerd.

Arbeidsgjevarane vil derfor kunne avvente den endelege avgjerda til EFTA-domstolen før eventuelle endringar i arbeidsgjevaravgifta kan melde seg. Ei avgjerd frå EFTA-domstolen vil venteleg kome i fyrste halvdel av 1999.

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, gjorde sitt endelege vedtak i saka om den differensierte arbeidsgjevaravgifta 2. juli i år. ESA meiner at hovudtrekka i den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta kan oppretthaldast, men at Noreg må gjere nokre endringar for at ordninga ikkje skal vere i strid med reglane om statsstøtte i EØS-avtalen. ESA sette 31. desember som frist til å gjera endringane som gjekk fram av vedtaket.

Regjeringa har heile tida meint at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta er ein del av det generelle skattesystemet, som fell utanfor EØS-avtalen. Regjeringa førde derfor ved stemning 2. september i år saka inn for EFTA-domstolen med påstand om at vedtaket er ugyldig.

Regjeringa fann det svært urimeleg om Noreg måtte ha retta seg etter ESA sitt vedtak før det var falle endeleg dom i EFTA-domstolen. Finansdepartementet søkte derfor ved brev av 14. september 1998 ESA om at overvakingsorganet skulle forlenge fristen som var sett i vedtaket. ESA avslo søknaden i brev av 8. oktober 1998.

På bakgrunn av avslaget frå ESA på søknaden om forlenga frist, sende Noreg 13. november i år ei oppmoding til EFTA-domstolen om at det norske søksmålet skulle gjevast utsetjande verknad. Det er denne oppmodinga EFTA-domstolen har teke stilling til i rettsavgjerda av 11. desember i år.


Kontaktperson: Bjarne Stakkestad, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 15. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen