Historisk arkiv

ESA fatta i dag sitt endelege vedtak i saka om den differensierte arbeidsgiveravgifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 40/98
Dato: 2. juli 1998

ESA fatta i dag sitt endelege vedtak i saka om den differensierte arbeidsgiveravgifta

- Eg er ikkje overraska, men likevel skuffa over ESA sitt vedtak. Regjeringa vil no vurdere om vi skal bringe saka inn for EFTA-domstolen for å prøve gyldigheiten av vedtaket. Mykje taler for det, uttaler finansminister Gudmund Restad.

EFTA sitt overvakingsorgan ESA gjorde i dag sitt endelege vedtak i saka om den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta. Dersom Noreg ikkje rettar seg etter vedtaket, vil saka bli brakt inn for EFTA-domstolen for ei endeleg avgjerd. Dette kan skje ved at Noreg innan to månader bringer saka inn for domstolen med påstand om at vedtaket er ugyldig, eller ved at ESA stevner Noreg for traktatbrot. ESA har sett ein frist til 31. desember 1998 for Noreg til å rette seg etter vedtaket.

Vedtaket av i dag er ei oppfølging av ESA sine vedtak av 14. mai 1997 om framlegg til “formålstenlege tiltak” og vedtak av 19. november 1997 om å opne formell saksgang mot Noreg. Vedtaket er fatta etter at alle interesserte partar har hatt høve til å uttale seg i saka, noko det berre er EU-kommisjonen som har gjort.

ESA held fast på sitt tidlegare syn på den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta. Det vil seie at hovudtrekka i den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan halde fram, men at Noreg må sette i verk visse endringar for at ordninga ikkje skal bli råka av statsstøttereglane i EØS-avtala.

- Vi meiner at den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta er ein del av det generelle skattesystemet og difor fell utanfor EØS-avtala, seier finansminister Restad.

Om lag 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vil reint praktisk kunne vidareførast dersom ESA sitt vedtak blir fulgt. Imidlertid vil nokre bedrifter i distrikts-Noreg måtte betale avgift etter høgste sats på 14,1 prosent. Det gjeld skipsbygging, kraftforsyning, petroleumsverksemd, enkelte bergerksbedrifter, ei stålbedrift, telekommunikasjonsbedrifter, lastbiltransportselskap med meir enn 50 tilsette og finansielle føretak som driv internasjonal verksemd. Vidare krev ESA at Noreg må revurdere dei geografiske sonene for den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta i delar av Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Hedmark. Vedtaket pålegg også Noreg å rapportere om ordninga kvart år. Den ordninga ESA godkjenner i sitt vedtak, er ikkje godkjent på permanent basis. Ordninga skal reviderast innan utgangen av år 2003.

Lagt inn 3. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen