Historisk arkiv

Førtidspensjoneringsutvalet legg fram si utgreiing 27. november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 76/98
Dato: 6. november 1998

Førtidspensjoneringsutvalet legg fram si utgreiing 27. november

Førtidspensjoneringsutvalet legg fram si utgreiing som planlagt 27. november. Utvalet blei sett ned av Regjeringa Jagland ved Kongeleg resolusjon 9. oktober 1997.

Leiar i utvalet, Øystein Olsen, seier seg lei for at representantane frå LO, YS og AF i brev av 5.11 har gitt finansministeren beskjed om at dei med umiddelbar verknad trekkjer seg frå vidare deltaking i utvalet. Utvalet tek sikte på å avslutte arbeidet innan fristen, og leiaren kan ikkje kommentere enkeltelement i utgreiinga før den er levert finansministeren.

Representantane frå LO, YS og AF sendte tidlegare i haust eit brev til finansministeren der dei ba om ei avklaring av mandatet. Bakgrunnen var at dette mindretalet i utvalet ikkje var einig i tolkinga av deler av mandatet. Finansdepartementet kan ikkje sjå at det ligg føre grunnar til å endre mandatet og har i sitt svarbrev pekt på at utvalet sjølv må gjere dei avgrensningar som utvalet finn hensiktsmessig ut frå korleis utvalet tolkar mandatet.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 9. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen