Historisk arkiv

IMF med ny vurdering av norsk økonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 73/98
Dato: 30.10.1998

IMF med ny vurdering av norsk økonomi

Det internasjonale valutafondet (IMF) har lagt fram rapporten med førebels vurderingar av norsk økonomi etter si årlege vitjing i Noreg. IMF vurderer i rapporten den økonomiske utviklinga i Noreg, og korleis den økonomiske politikken er tilpassa dagens situasjon.

Etter IMF sitt syn har ikkje finanspolitikken i Noreg dei siste åra vore stram nok til å dempe etterspurnaden i økonomien. Dette har, slik IMF ser det, gjort at den noverande økonomiske strategien har brote saman. Den manglande evna til å dempe etterspurnaden undergrev utsiktene for den økonomiske veksten og inflasjonen neste år. Dette kan etter IMF sitt syn svekkje Noreg sine økonomiske utsikter på lengre sikt.

IMF meiner difor at det no er naudsynt med ei vesentleg innstramming i finanspolitikken for å dempe den innanlandske etterspurnaden og for å få til ei balansert økonomisk utvikling på lang sikt. Innstramminga bør etter IMF sitt syn minst vera på nivå med Regjeringa sitt budsjettforslag. IMF skriv at innstramminga i størst mogleg grad bør gjerast på budsjettet si utgiftsside.

- Regjeringa deler IMF sitt syn på at det er naudsynt å stramme inn finanspolitikken, seier finansminister Gudmund Restad. Eg merkar meg at IMF meiner innstramminga bør vere minst på nivå med Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 1999. Dette understrekar kor viktig det er at partia på Stortinget viser ansvar, slik at det i budsjettbehandlinga blir mogleg å få til eit stramt nok budsjett tilpassa den økonomiske situasjonen, seier finansministeren.

- I IMF sin rapport blir det hevda at den økonomiske strategien i Noreg har brote saman. Eg er noko forundra over denne ordbruken, seier Restad. Dei grunnleggjande forholda i norsk økonomi er gode samanlikna med dei aller fleste andre land, sjølv om det gradvis har utvikla seg pressproblem. Gjennom eit stramt finanspolitisk opplegg for nesteår har vi gode høve til å gjenopprette balansen i norsk økonomi. Vi kan da oppnå ein stabil økonomisk vekst, høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og låg pris- og kostnadsvekst i åra framover.

IMF drøftar også pengepolitikken i Noreg i rapporten. Fondet skriv at det under gitte føresetnader kan vere grunnlag for å vurdere å gå over til å styre pengepolitikken etter eit inflasjonsmål. Det vert understreka at eit slikt regime ikkje må føre til ein meir ekspansiv finanspolitikk. IMF skriv at det kan vere mogleg å oppnå eit inflasjonsmål sjølv om det vert ført ein ekspansiv finanspolitikk, men at dette ville krevje høgare renter enn naudsynt. Dette kan etter IMF sitt syn vere skadeleg for den økonomiske veksten på lengre sikt.

- Eg registrerer at IMF meiner det kan vere grunnlag for å vurdere å legge om pengepolitikken til å styre etter eit inflasjonsmål, seier Restad. Eg ser også at det er to viktige føresetnader for dette. For det første blir det understreka av IMF at det på førehand må vere klårt at ein aksepterer at den finanspolitiske disiplinen ikkje kan svekkjast som følgje av ei slik omlegging. Det er med andre ord trong for ein stram finanspolitikk uavhengig av kva for eit syn ein har på det pengepolitiske regimet. For det andre skriv IMF at ei slik omlegging vil krevje at det er vilje til å gje Noregs Bank meir sjølvstende i gjennomføringa av pengepolitikken.

- Eg merker meg også at IMF meiner innrettinga av dei pengepolitiske virkemidla på kort sikt ville vere som dei er no også dersom retningslinja for pengepolitikken hadde vore eit inflasjonsmål.

- Regjeringa sitt syn, som er gjort greie for i Nasjonalbudsjettet 1999, er at pengepolitikken i Noreg ligg fast, seier finansminister Gudmund Restad.

Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 30. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen