Historisk arkiv

Nye eller endra skatteavtalar i 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.92/98
Dato 21.12.1998

Nye eller endra skatteavtalar i 1998

Desse avtalane er underteikna eller vorte sette i kraft i 1998:

Skatteavtalen med Albania vart underteikna 14. oktober 1998, men han er ennå ikkje vorte sett i kraft. Skatteavtalen er ikkje kunngjort, men vil verte fremja for Stortinget i vårsesjonen 1999.

Den nye skatteavtalen med Singapore (underteikna 19. desember 1997) vart sett i kraft 17. april 1998, og han vil ha verknad frå og med inntektsåret 1999. Skatteavtalen er kunngjort i St prp nr 34 (1997-98).

Skatteavtalen med Venezuela (underteikna 29. oktober 1997) vart sett i kraft 8. oktober 1998, og har verknad frå og med inntektsåret 1999. Skatteavtalen er kunngjort i St prp nr 32 (1997-98).

Desse avtalane har vorte endra i 1998:

I 13 skatteavtalar som vart underteikna før skattereforma i 1992, har ein i protokollane teke inn ei føresegn om at Noreg ved å sende ei note til det andre landet kan avgjere at Noreg skal nytte kreditmetoden i staden for unntaksmetoden for å unngå dobbel skattlegging. Dette kan Noreg gjere utan samtykke frå det andre landet. Ei endring til kreditmetoden inneber at når ein skattytar som er busett i Noreg vert skattlagt i utlandet, vil han i Noreg få frådrag i den norske skatten for den skatten han har betalt i utlandet, mens unntaksmetoden inneber at heile den utanlandske inntekta vert unnateke frå norsk skattlegging. Denne endringa gjeld skatteavtalane mellom Noreg og Australia, Benin, Hellas, India, Luxemburg, Nederland, New Zealand, Polen, Romania, Slovakia, Tanzania, Tsjekkia og Ungarn. Ei diplomatisk note er sendt til alle desse landa slik at endringa har verknad frå og med inntektsåret 1999. I skatteavtalen med Luxemburg har endringa verknad for formuesskatten først frå og med inntektsåret 2000.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 21. desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen