Historisk arkiv

Nye satsar for forenkla fortolling av alkohol og tobakk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 52/98
Dato: 26. august 1998

Nye satsar for forenkla fortolling av alkohol og tobakk

Satsane for forenkla fortolling av alkohol og tobakk er ikkje justert sidan 1990. Fordi det heile tida har vore lagt til grunn at desse satsane skal fylgje det vanlege avgiftsnivået vert satsane sett opp frå 1. oktober 1998.

I tillegg til den toll- og avgiftsfri kvoten reisande kan ta inn i Noreg er det lov å fortolle mindre mengder alkohol, tobakk og sjokolade- og sukkervarer etter sjablon-satsar i reisegodstariffen. Siste justering av desse satsane vart gjort 15. august 1990. Dei ligg difor lågt under det generelle avgiftsnivået. Det har sidan ordninga vert innført i 1951 vore ein forutsetning at satsnivået skal vere tilnærma avgiftene på same varer ved kjøp i Noreg. Ved denne justeringa må difor satsane setjast kraftig opp. For framtida vil moglege endringar bli gjort annakvart år slik at det generelle avgiftsnivået kan bli fylgt.

Regjeringa Bondevik varsla i Tilleggsproposisjonen til nasjonal og statsbudsjettet for 1998 at satsane ville bli justert opp i år. Finanskomiteen tok dette til orientering (Budsjett-innst. S. nr.1 (1997-98) punkt 7.23.) Finansdepartementet – som administrerer ordninga – har fastsett dei nye satsane ved ei forskriftsendring 26. august. Den nye forskrifta trer i kraft 1. oktober.

Endringane tek utgangspunkt i avgiftssatsane for 1998 for tilsvarande varer kjøpt med avgifter i Noreg, men ligg framleis noko lågare. Dette for å justare for eventuell meirverdiavgift betalt i utlandet.

Reisegodstariffen. Gjeldande og nye satsar frå 1. oktober 1998

Vareslag

Tidlegare satsar

Nye satsar

Pr liter

Pr 1/1 flaske

Pr liter

Pr 1/1 flaske

Svakvin (2,5-15 vol pst)

35 kr

25 kr

60 kr

43 kr

Sterkvin (15-22 vol pst)

95 kr

70 kr

175 kr

120 kr

Brennevin (22-60 vol pst)

260 kr

190 kr

340 kr

240 kr

Øl 0,35 liter

5,50 pr eining

11,00 kr pr eining

Sjokolade- og sukkervarer

18 kr pr kg

30 kr pr kg

Tobakk:

Røykjetobakk

35 kr pr 100 g

115 kr pr 100 g

Snus og skråtobakk

10 kr pr 100 g

55 kr pr 100 g

Sigarer og sigarillos

35 kr pr 100 g

95 kr pr 100 g

Sigarettar

70 kr pr 100 stk

190 kr pr 100 stk

Sigarettpapir- og hylser

1,40 kr pr 100 blad/hylser

4 kr pr 100 blad/hylser

Det vert ingen endring i den toll- og avgiftsfrie kvota.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 27. august 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen