Historisk arkiv

Regjeringa om strukturpolitikken i finansmarknaden: Vil oppretthalde nasjonale og regionale finansmiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 57/98
Dato: 25. september 1998

Regjeringa om strukturpolitikken i finansmarknaden:

Vil oppretthalde nasjonale og regionale finansmiljø

Finansdepartementet legg i dag fram Kredittmeldinga 1997. Her omtalar Regjeringa sin politikk for finansmarknaden. Regjeringa er opptatt av at enkeltinstitusjonar ikkje må få ein for dominerande posisjon. Det må vere solide og konkurransedyktige institusjonar med regional forankring heimehøyrande her i landet. Samstundes er det og eit mål å ha aktivitet og kompetanse ved sjølvstendige institusjonar utanfor Oslo.

Kredittmeldinga omtalar forvaltninga av finansmarknaden i 1997. Meldinga inneheld også ein omtale av verksemda til Kredittilsynet, Noregs Bank, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet.

Hovudmålet er å sikre eit solid finansvesen som fungerer godt, der det er reell konkurranse mellom institusjonane. Dei omsyn styresmaktene skal ta er å sjå til at konkurransen og soliditeten er forsvarleg. Det er regulert gjennom lovgivinga. Reguleringane har og som mål å sikre stabilitet. Dei norske reguleringane følgjer i all hovudsak internasjonale standarder.

Regionale finansmiljø

Konkurranseomsyn tilseier at ein bør unngå at enkeltinstitusjonar blir for dominerande. Det gjeld både totalt og innanfor ein spesiell del av marknaden. Det er dessutan eit mål å halde ved like spreidd aktivitet og kompetanse i næringa med sjølvstendige institusjonar utanfor Oslo. Finansdepartementet behandla tidlegare i år søknaden frå Den norske Bank om å ta over aksjane i Bolig- og næringsbanken (BN-bank). I avslaget la ein til grunn ei struktur- og distriktspolitisk målsetjing om å halde oppe minst eitt finansielt tyngdepunkt utanfor Oslo.

Finansmiljøet i Noreg må ikkje svekkjast

Regjeringa meiner at det er viktig å ha sentrale finansinstitusjonar med hovudkontor plassert i Noreg. Det har truleg mest å seie for privatkundar, små og mellomstore bedrifter og kommunar. Desse har i mindre grad enn større bedrifter den internasjonale marknaden som eit reelt alternativ. Norske og utanlandske institusjonar vil i samsvar med Noreg sine internasjonale skyldnader bli handsama likt i høve til retningslinjene i strukturpolitikken.

Ein føresetnad for ei konkurransedyktig finansnæring er effektiv drift av institusjonane og tilstrekkeleg konkurranse i den innanlandske marknaden. Stadig auka internasjonalt samkvem på fleire område talar for framleis høg konkurranse. Som elles i samfunnet er finansmarknaden i rask endring. Det understrekar at norske finansinstitusjonar må ha høve til strategiske og strukturelle tilpassingar for å sikre ei tilfredsstillande inntening.

Søknader om samanslåingar mellom store institusjonar må vurderast i kvart tilfelle. Mellom anna er omsynet til soliditeten i institusjonane ein del av vurderingane. Konsesjonspraksis må ikkje bli slik at ein hindrar dei omstillingane som er nødvendige for at finansnæringa skal kunne møte nye utfordringar. Ikkje minst gjeld det den auka internasjonale konkurransen. Storleiken på den norske marknaden tilseier at det er grenser for kor langt ein av omsyn til konkurransen bør gå i å tillate samanslåingar av større institusjonar. Når det gjeld mindre institusjonar kan ein vere meir fleksibel.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 25. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen