Historisk arkiv

Regjeringa utset nye reglar for eigedomsskatt på kraftverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 70/9
Dato 16.10.1998

Regjeringa utset nye reglar for eigedomsskatt på kraftverk

Regjeringa har vedteke at dei nye reglane for eigedomsskatt på kraftanlegg skal setjast i verk frå 2000. Reglane vart vedtekne i samband med kraftskattreforma i 1996. Dei skulle setjast i verk frå 1999, men dette er no utsett eitt år.

Årsaka er at det ikkje vil vera administrativt mogeleg å fastsette takstane i dei einskilde kommunane for eigedomsskatten i 1999 etter dei nye reglane i tide til at kommunane kan leggja desse til grunn i 1999-budsjetta. Mellom anna må den ordinære likninga av inntektsåret 1997 avsluttast før grunnlaget for eigedomsskatten i 1999 kan fastsetjast. Likninga av kraftforetaka si 1997-inntekt vert avslutta seint i 1998. At 1997 var det fyrste året for dei nye skattereglane for kraftforetak, har gjort at likninga har vore krevjande og tatt ekstra tid.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 16. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen