Historisk arkiv

Til redaksjonen: Nordisk finans- og økonomiministermøte i Oslo 9. november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 75/98
Dato: 5. november 1998

Til redaksjonen

Nordisk finans- og økonomiministermøte i Oslo 9. november

Dei nordiske finans- og økonomiministrane møtest i Oslo måndag 9. november. Møta finn stad i Parkveien 45. Tema på møta er mellom anna den økonomiske utviklinga i Norden, og spørsmål i samband med verksemda til Den nordiske investeringsbanken (NIB) og Det baltiske investeringsprogrammet. Informasjon om EU/EØS-spørsmål er eit fast punkt på dagsorden når dei nordiske ministrane treffest.

Det er sett av tid for møte med pressa måndag 9. november klokka 13.00.

Statsministrane og finansministrane i dei nordiske landa har eit felles møte søndag kveld om spørsmål knytt til ØMU og den økonomiske politikken. Etter dette møtet vert det pressekonferanse med statsministrane i Parkveien 45 klokka 19.30. Her vil finansministrane også vere til stades.

Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 5. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen