Historisk arkiv

Austerrikes finansminister Rudolf Edlinger i Oslo 8. – 9. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 45/99
Dato 7.6.1999

Til redaksjonen

Austerrikes finansminister Rudolf Edlinger i Oslo 8. – 9. juni

Finansminister Rudolf Edlinger er i Noreg førstkomande tysdag og onsdag. Edlinger har møte med finansminister Gudmund Restad om ettermiddagen den 8. juni. Tema i møtet vil vere økonomisk politikk og Noregs forhold til EU-landa. Mellom anna vil dei to ministrane drøfte erfaringane med euroen så langt, skatteharmonisering og sysselsetjing.

Begge finansministrane er tilgjengelege for pressa onsdag morgon kl 08.30 i Finansdepartementet, Akersgt. 40.

Vi ber om at dei som vil intervjue finansministrane melder frå i løpet av tysdag.

Pressemeldingar frå Finansdepartementet finn du på heimesida til departementet under Nytt. Adressa er: finans.dep.no.

Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 8.juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen