Historisk arkiv

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta: - Tilfreds med avklaringa i ESA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.: 65/99
Dato: 23.9.1999

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta:

- Tilfreds med avklaringa i ESA

ESA sluttar seg til Finansdepartementet sitt framlegg til vedtak i saka om den differensierte arbeidsgjevaravgifta. - Eg er tilfreds med at denne saka no finn si endelege løysning, seier finansminister Gudmund Restad.

- Løysinga er tilfredsstillande ut frå den avgrensa handlefridomen Noreg har etter at EFTA-domstolen slo fast at den differensierte arbeidsgjevaravgifta fell inn under reglane om statsstøtte i EØS-avtalen, seier finansminister Gudmund Restad. Noreg pliktar då å gjennomføre ESA sitt vedtak.

Det er berre enkelte næringsgreiner som etter ESA sitt vedtak av 2. juli 1998 ikkje kan betale lågare arbeidsgjevaravgift etter det differensierte systemet. I staden må dei betale den vanlege avgifta. For alle andre næringar kan den differensierte arbeidsgjevaravgifta førast vidare som før. Det kan den og for bedrifter som er så små at dei fell inn under reglane om ”bagatellmessig støtte”.

Framlegget til endra arbeidsgjevaravgiftsreglar vil bli gjort overfor Stortinget i statsbudsjettet, som blir framlagt 4. oktober. Finansdepartementet vil kome med meir informasjon til bedriftene og kommunene rett etter at statsbudsjettet er lagt fram.

I Finansdepartementet sitt framlegg til vedtak om arbeidsgjevaravgift, som ESA i går fatta vedtak om å godta, er det følgjande næringar som må betale arbeidsgjevaravgift etter høgste sats (14,1 prosent), utan omsyn til kvar arbeidstakarane er busett:

  • produksjon av elektrisitet frå vasskraft
  • utvinning av olje og gass og nærare nemnd tenesteyting knytt til utvinninga av olje og gass
  • bryting av metallhaldig malm, med unntak av jernmalm og jernmalm med innhald av mangan
  • utvinning av industriminerala nefelinsyenitt eller olivin
  • bygging, vesentleg ombygging og reparasjon av båtar og skip over ein viss storleik
  • produksjon av EKSF-stål
  • grenseoverskridande finansiell tenesteyting
  • godstransport på veg, for føretak som hadde meir enn 50 årsverk sist år, unntatt føretak som driv eigentransport eller godstransport innafor eit lokalt avsperra næringsområde
  • produksjon av telekommunikasjonstenester.

Desse endringane utgjer godt under fem prosent – eller under 200 millioner kroner - av føremonen med differensiert arbeidsgjevaravgift i distrikta.

For alle andre næringar, der den differensierte arbeidsgjevaravgifta blir ført vidare, blir satsen for arbeidsgjevaravgifta avgjort av kva for ein avgiftssone som gjeld i den kommunen der den tilsette er skattemessig busett. På bakgrunn av ESA sin dom og Regjeringa sine vurderingar av dei ulike fylka og kommunene sin trong til støtte, foreslår Regjeringa også justeringar i satsane for enkelte kommunar. Også desse justeringane er no godkjende av ESA.

Opplegget inneheld reglar for føretak som driv både verksemd med høgste sats og verksemd som det kan betalast differensiert arbeidsgjevaravgift for. Slike føretak må etter dei føreslegne reglane halde dei ulike typene verksemd frå kvarandre rekneskapsmessig for ikkje å måtte betale avgift etter høgste sats for heile verksemda.

Framleis differensiert avgift

Distribusjonsnettet for elektrisk kraft må ikkje betale avgift etter høgste sats. Også bygging, reparasjon og vedlikehald av fiskebåtar (anna enn til eksport ut av EØS) får ha differensiert avgift.

Mindre bedrifter ikkje råka - botnfrådrag for alle

Ei rekkje mindre bedrifter blir ikkje råka av endringane, sjølv om dei tilhører næringane nemnt ovanfor. EØS-reglane opnar for at det kan bli gitt såkalla "bagatellmessig støtte" også til føretak som det elles er forbode å gi støtte til. På dette grunnlaget inneheld framlegget ein regel om at også desse bedriftene kan ha differensiert arbeidsgjevaravgift inntil skilnaden mellom bruken av det differensierte systemet og høgste sats utgjer om lag 270 000 kroner. Dette inneber til dømes at bedrifter som i dag betaler 0 i arbeidsgjevaravgift for alle sine tilsette, kan ha lønsutgifter på vel 1,9 millioner kroner pr. år og framleis ikkje betale arbeidsgjevaravgift, sjølv om dei tilhører næringane nemnt ovanfor. Den nøyaktige grensa for lønsutgifter vil avhenge av kva for satsar bedrifta har for sine tilsette, og lønsutgiftene vil derfor kunne vere høgare. Produksjon av EKSF-stål og godstransport på veg kan ikkje få ”bagatellmessig støtte”. Botnfrådraget vil derfor ikkje gjelde for desse næringane.

Kompenserande tiltak

Regjeringa vil kompensere for den auka avgifta som vedtaket til ESA medfører for distrikta, og legg opp til å løyve samla nærare 1 milliard kroner ekstra til distriktsområder over en 6-årsperiode (pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet 20. august 1999).


Kontaktperson:
Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 24. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen