Historisk arkiv

Felles møte mellom finans- og økonomiministrane i EU og EFTA-landa i Luxembourg fredag 8. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 75/1999
Dato: 5. oktober 1999

Til redaksjonen:

Felles møte mellom finans- og økonomiministrane i EU og EFTA-landa i Luxembourg fredag 8. oktober

Finansminister Gudmund Restad skal 8. oktober ta del i det årlege møtet mellom finans- og økonomiministrane frå EU (Ecofin) og EFTA-landa.

Eit hovudtema for diskusjonen vil vere økonomisk stabilitet i Europa. Under dette temaet vil to sentrale punkt på dagsorden vere:

  • Makroøkonomisk stabilitet i Europa – utfordringar for EU og EFTA-landa etter introduksjonen av euro.
  • Økonomisk stabilitet på Balkan etter krisa i Kosovo.

Møtet tek til kl. 13.15. Adressa er Centre de Conférenses, Plateau du Kirchberg.

Finansministeren vil være tilgjengeleg for norsk presse etter møtet – etter planen ca. kl. 15.00. Kontaktperson i Luxembourg er Lars Wahl: mobil tlf. 91 59 77 80.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 6. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen