Historisk arkiv

Finansdepartementet gir rett til frådrag for pendling innan EØS-området

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 47/99
Dato 16.6.1999

Finansdepartementet gir rett til frådrag for pendling innan EØS-området

Dei som pendlar innan EØS-området, får same rett til frådrag i skatten som pendlarar i Noreg. Tidlegare blei det berre gitt frådrag for pendling frå heim i Noreg. Finansdepartementet har no endra reglane i ei ny forskrift som har verknad frå og med inntektsåret 1998.

Den som pendlar til Noreg frå ein heim i eit anna EØS-land, kan no kan krevje frådrag i inntekta for meirutgiftene ved å bu utanfor heimen og for utgiftene ved besøksreiser til heimen. Regelendringa inneber mellom anna at felles heim med ektefelle eller born i anna EØS-land gir grunnlag for frådrag for pendlinga. Vidare får einsleg person som pendlar mellom usjølvstendig bustad i Noreg og sjølvstendig bustad i anna EØS-land, rett til frådrag for utgiftene til pendling.

Skattedirektoratet har vore kjent med høringsutkastet til den nye forskrifta og har bede likningskontora handsame likninga for 1998 i tråd med den nye reglane. Den einskilde skattytar som sjølv vil gje utfyllande informasjon og krevje endra likning, må kontakte sitt lokale likningskontor.

Pressemeldingar og nye forskrifter frå Finansdepartementet finn du på heimesida til departementet. Adressa er: www.finans.dep.no.

Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 16. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen