Historisk arkiv

Finansminister Gudmund Restad har møte med det finske formannskapet i EU (Ecofin) tysdag 14. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 98/99
Dato: 10.12.1999

Til redaksjonen

Finansminister Gudmund Restad har møte med det finske formannskapet i EU (Ecofin) tysdag 14. desember

Finansminister Restad har møte med den finske finansministeren Sauli Niinistö i Helsinki tysdag 14. desember. Niinistö er formann for EU sitt råd for økonomi- og finansministrar (Ecofin).

I tillegg til at Niinistö vil orientere frå møtet i Det europeiske råd 10. og 11. desember, vil dei to finansministrane drøfta den økonomiske situasjonen og utfordringane i den økonomiske politikken etter innføringa av euroen. Møtet er dessutan ein del av dialogen som den norske Regjeringa har med EU om monetære og økonomiske spørsmål. Ministrane vil og drøfta skattespørsmål og spørsmål knytt til sysselsetting.

Møtet finn stad i bankettbygnaden til den finske regjeringa, Eteläesplanadi 6, kl. 9.00.

Det vert ein kort pressekonferanse etter møtet, om lag kl. 11.15.


Kontaktperson:
Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 10. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen