Historisk arkiv

Finansminister Restad til nordisk finansministermøte på Island

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 48/1999
Dato: 17. juni 1999

Til redaksjonen

Finansminister Restad til nordisk finansministermøte på Island

Dei nordiske finans- og økonomiministrane har denne gongen sitt årlege sumarmøte i Egilstadir på Island måndag 21. og tysdag 22. juni.

Eit fast punkt på dagsorden når ministrane møtast er den økonomiske situasjonen i dei nordiske landa og erfaringane med ØMU. Denne gongen ligg det òg føre fleire studiar og rapportar. Det eine er ei utgreiing om auka nordisk børssamarbeid, der Sverige vil innleie.

Dei andre dreier seg om økonomiske styringsmiddel i miljøpolitikken og studiar av korleis dei offentlege finansane vert påverka av dei økonomiske konjunkturane.

Tysdag ca kl 12.00 er det avsett tid for pressekonferanse.
Hotel Herad – Icelandairhotel, Egilstadir.

Pressemeldingar frå Finansdepartementet finn du på heimesida til departementet under Dokumentarkiv. Adressa er: www.finans.dep.no.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 17. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen