Historisk arkiv

Finansministeren til nordisk-baltisk finansministermøte i Finland i mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 27/99
Dato: 22.4.1999

Til redaksjonen

Finansministeren til nordisk-baltisk finansministermøte i Finland i mai

Finansminister Gudmund Restad vil delta på nordisk-baltisk finansministermøte i Imatra i Finland 11. og 12. mai. Det er fjerde gongen finansministrane frå Tyskland og Polen, samt dei nordiske og baltiske landa samlast til konferanse. (Noreg arrangerte konferansen i Bergen i 1997).

Tema på konferansen i år er mellom anna erfaringar med innføring av euro og verknadene av Asia-krisa. Ministrane vil og drøfta økonomiske reformer og utfordringar for dei landa som no har søkt om å bli medlem i EU.

Akkrediteringsskjema frå det finske finansdepartementet kan ein få ved å henvende seg til Informasjonskontoret, Janne Wongraven. e-post: janne-kathrine.wongraven@finans.dep.no eller telefon 22 24 41 05.
Fristen for akkreditering er sett til 28. april.

Pressemeldinger fra Finansdepartementet finner du på hjemmesiden til departementet under Pressemeldinger. Adressen er: http://odin.dep.no/fin/prm/presmeld.html


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09

Lagt inn 22. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen