Historisk arkiv

IMF: Positiv utvikling i norsk økonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.: 81/99
Dato: 27.10.1999

IMF: Positiv utvikling i norsk økonomi

Det internasjonale valutafondet (IMF) har lagt fram rapporten med førebels vurderingar av norsk økonomi etter si årlege vitjing i Noreg. IMF vurderer den økonomiske utviklinga i Noreg dei siste åra som positiv, med full sysselsetjing og auka deltaking i arbeidslivet.

IMF vurderer i rapporten den økonomiske utviklinga i Noreg, og korleis den økonomiske politikken er tilpassa dagens situasjon. IMF gir ein positiv vurdering av den strategien som har vorte fylgd for den økonomiske politikken, med stabilitet i valutakursen, konsolidering av finanspolitikken og samarbeidet med partane i arbeidslivet som sentrale element.

- Eg er tilfreds med at IMF er samd i at budsjettet for neste år er godt tilpassa økonomien, seier finansminister Gudmund Restad.

Finansministeren seier seg og tilfreds med at IMF gjev ei positiv vurdering av måten pengepolitikken blir gjennomført på. IMF meiner likevel at truverda til det pengepolitiske regimet vil auke dersom styresmaktene i mandatet for pengepolitikken eksplisitt uttalte at låg inflasjon er ein føresetnad for langsiktig valutakursstabilitet.

Finansminister Restad viser til at det heilt frå valutaforskrifta trådte i kraft i 1994 har blitt understreka at låg pris- og kostnadsvekst er ein føresetnad for å oppnå ei stabil økonomisk utvikling.

IMF meiner at skattenivået i Noreg er høgt og fondet peiker og på dei høge kostnadene knytt til jordbruksstøtta.

- Eg vil vise til at skattar og avgifter er naudsynte for å ha ein sterk offentleg sektor og for å finansiere velferden, seier finansministeren. Skattenivået er likevel ikkje mykje høgare i Noreg enn i mange andre europeiske land. Når det gjeld jordbruksstøtta, viser eg til at det er brei politisk semje om måla for jordbrukspolitikken, seier finansminister Restad.

Rapporten til IMF er tilgjengeleg på Finansdepartementets internettsider: http://www.finans.dep.no.


Kontaktperson:
Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 27. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen