Historisk arkiv

Marit Wiig tilsett som toll- og avgiftsdirektør i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.: 77/99
Dato: 15.10.1999

Marit Wiig tilsett som toll- og avgiftsdirektør i dag

Marit Wiig (50) er i statsråd i dag tilsett som til toll- og avgiftsdirektør for ein periode på seks år. Wiig er i dag direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Ho er jurist frå Universitetet i Oslo (1975).

Den nye leiaren for Toll- og avgiftsdirektoratet har mellom anna vore direktør i Administrasjonsavdelinga i Postbanken (1994-95) og seniorrådgjevar i Verdsbanken i Washington (1992-94). Ho har og tidlegare vore avdelingsdirektør i Norges Postsparebank (1990-92) og ekspedisjonssjef i Forbrukar- og Administrasjonsdepartementet (1986-1990).

Sidan 1995 har Wiig vore direktør i NHO, avdeling for lønns- og arbeidsvilkår.

Den nye toll- og avgiftsdirektøren har hatt ei rekkje tillitsverv innanfor idretten, mellom anna styremedlem for OL på Lillehammer og visepresident i Norges Idrettsforbund.

Til redaksjonen:

Klokka 14 i dag vil finansministeren ynskje den nye toll- og avgiftsdirektøren velkomen. Det vert eit kort møte på finansministeren sitt kontor, Akersgt. 40. Redaksjonar som ynskjer å fotografere kan ta kontakt med Informasjonskontoret i Finansdepartementet, telefon 22 24 41 05.


Kontaktperson:
Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 15. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen