Historisk arkiv

Ny forskrift om avgrensing av den differensierte arbeidsgjevaravgifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr.: 103/99
Dato: 30.12.1999

Ny forskrift om avgrensing av den differensierte arbeidsgjevaravgifta

Finansdepartementet har gitt forskrift til utfylling av Stortinget sitt vedtak om trygdeavgifter. Forskrifta legg grunnlag for at differensiert arbeidsgjevaravgift kan førast vidare for enkelte typar skipsreparasjon og for filialnettet til finansforetak som elles måtte betale avgift etter høgste sats.

EFTA sitt overvakingsorgan ESA påla i 1998 Noreg å oppheve den differensierte arbeidsgjevaravgifta for enkelte næringar. Dette kravet blei stadfest av EFTA-domstolen ved dom 20. mai 1999. Til gjennomføring av pålegget gjorde Regjeringa i statsbudsjettet for 2000 framlegg om avgrensing av den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta for enkelte næringar. Stortinget vedtok dei nye reglane 26. november 1999. Etter vedtaket var foretak som reparerer skip og båtar over ein viss storleik, av dei næringane som den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta ikkje skulle gjelde for. Det same gjeld finansforetak som driv verksemd over landegrensene. Det vart varsla i proposisjonen at Finansdepartementet ville arbeide for ei løysing der deler av desse verksemdene likevel kunne halde fram med differensiert arbeidsgjevaravgift. Det er desse reglane Finansdepartementet no har fastsett i forskrift til vedtaket.

Når det gjeld reparasjonar av skip, kan differensiert arbeidsgjevaravgift førast vidare for reparasjonar ved verft heimehørande i Nordland, Troms eller Finnmark, for reparasjonar som blir gjort på fartøy som utelukkande blir drivne på norsk sjøterritorium, og for reparasjonar på fartøy som har eit akutt behov for reparasjon.

Når det gjeld finansforetaka som driv verksemd over landegrensene, kan differensiert arbeidsgjevaravgift førast vidare for lokale einingane av desse så langt dei berre driv lokal verksemd. Føresetnaden er at den lokale eininga i 1999 hadde 50 årsverk eller mindre, og at den lokale eininga i rekneskapen er skilt frå den delen av foretaket som driv verksemd over landegrensene. Ei lokal eining blir rekna for å yte berre lokale tenester dersom alle kundane som er knytt til eininga har adresse i same fylket som eininga, eller i nabofylke. Dersom nokon av kundane som er knytt til den lokale eininga har adresse utanfor det lokale området, blir eininga likevel rekna for å yte lokale tenester dersom 90 prosent eller meir av inntektene til eininga kan knytast til kundar med adresse i det lokale området. Forskrifta definerer inntektene ved å bruke tal som etter rekneskapslovgjevinga skal framgå av årsrekneskapen.


Kontaktperson:
Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 30. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen