Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 1998: Lågare overføringar enn tidlegare år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 28/99
Dato: 23.4.1999

Statsrekneskapen for 1998: Lågare overføringar enn tidlegare år

Vel 7 milliardar kroner av løyvingane i budsjettet for 1998 vert overførde til 1999, syner statsrekneskapen for 1998 som er lagt fram i dag. Det er 2,5 mrd mindre enn året før.

Av løyvingane i statsbudsjettet for 1998 vert 7,3 mrd kroner overførde til 1999. Det er ein nedgang på 2,5 mrd kroner samanlikna med 1997. Dei største overføringane er under Arbeids- og administrasjonsdepartementet med 1,2 mrd kroner, Kommunal- og regionaldepartementet med 0,9 mrd, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med 0,9 mrd og Sosial- og helsedepartementet med 0,6 mrd kroner.

Statens petroleumsfond

Statsrekneskapen inneheld óg opplysingar om Statens petroleumsfond. Per 31.12.1998 var den bokførde verdien av fondet 164,6 mrd kroner. Til samanlikning var verdien av fondet 115,2 mrd kroner per 31.12.1997.

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 45,0 mrd kroner i 1998. Medrekna renter og utbyte syner Statens petroleumsfond 51,2 mrd kroner i samla inntekter. Av dette vart 34,2 mrd kroner ståande i Statens petroleumsfond medan 17,0 mrd kroner vart førd attende til statsbudsjettet for 1998.

Statsrekneskapen inneheld og ein omtale av avvik mellom budsjett og rekneskap, omtale av inntektene, utgiftene, folketrygda, omtale av særskilde satsingsområder i 1998-budsjettet og rekneskapen til Statens petroleumsfond.

Pressemeldinger frå Finansdepartementet finn du på heimesida til departementet under Dokumentarkiv. Adressa er: linkdoc#dochttp://odin.dep.no/fin/prm/presmeld.html

Lagt inn 23. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen