Historisk arkiv

Utreiing om innskotspensjon overlevert finansministeren i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding

Nr. 86/1999
Dato: 3. november 1999

Utreiing om innskotspensjon overlevert finansministeren i dag

Finansministeren har i dag motteke ei utreiing med utkast til lov om innskotspensjonar frå eit offentleg oppnemnt utval, leia av professor Erling Selvig.

Meir enn halvparten av alle sysselsette lønstakarar i Noreg har medlemskap i ei tenestepensjonsordning i offentleg eller privat sektor som eit tillegg til folketrygden. I privat sektor er om lag 34 prosent av dei sysselsette medlem i ei slik ordning.

Regjeringa ser innskotspensjonar i arbeidsforhold som eit alternativ for foretak som ikkje har sett seg i stand til å opprette ytingsordningar etter gjeldande regelverk. Føremålet med å gi slike ordningar tilsvarande skattefordelar som ytingsordningar er at fleire lønstakarar skal kunne ha pensjon frå arbeidsforhold som eit tillegg til folketrygda. Eit offentleg utval blei oppnemnt 5. mars i år for å utarbeide utkast til lovverk for innskotspensjonar i arbeidsforhold.

Utreiinga vil no bli send på høyring. Departementet tar sikte på å fremme ein proposisjon med eit lovforslag for Stortinget raskt etter dette.

Pressemelding frå utvalet fylgjer linkdoc006005-070309#docvedlagt.


Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09/913 22 811

Lagt inn 3. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen