Historisk arkiv

Avgrensing av retten til oppregulering av festeavgifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr. 55-98
Dato 30.10.98

Avgrensing av retten til oppregulering av festeavgifter

Justisdepartementet går i eit linkdoc012005-990065#dochøyringsskriv inn for å endre den nye tomtefestelova før den vert sett i kraft, slik at retten til oppregulering av tomtefesteavgifter i enkelte eldre festehøve vert avgrensa.

Lov 20 desember 1996 nr 106 om tomtefeste skal avløyse den nogjeldande tomtefestelova som er frå 1975. Etter § 15 i den nye lova kan festeavgiftene regulerast i samsvar med endringa i pengeverdien eller på anna vis i samsvar med klåre avtaleføresegner.

Departementet tek sikte på at prisreguleringa, som i ulike former har gjelde for bustad- og fritidsfeste heilt sidan 1940, skal opphevast når den nye tomtefestelova vert sett i kraft. For å unngå svært store auker i festeavgiftene sender Justisdepartementet no likevel på høyring fire ulike moglege framlegg som i nokon mon avgrensar retten til å regulere opp festeavgiftene for dei bustad- og fritidsfeste som hittil har vore prisregulert, dvs avtaler inngått 26. mai 1983 eller tidlegare.

Departementet reknar no med at den nye lova truleg kan ta til å gjelde 1. januar 2000.


Kontaktperson: Lovrådgjevar Atle Torvund, telefon 22 24 53 64

Lagt inn 4. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen