Historisk arkiv

Avtalar om oppføring av ny bustad - Ny lov gjev betre forbrukarvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 32-98
23. juni 1998

Avtalar om oppføring av ny bustad - Ny lov gjev betre forbrukarvern

Den nye bustadoppføringslova trer i kraft 1. juli 1998. Eit sentralt siktemål med lova er å sikre forbrukaren si stilling. Lova inneber krav til avtalen mellom partane og regulerer forholdet mellom dei dersom avtalen ikkje vert oppfylt.

Lova gjeld når ein forbrukar anten

  • inngår avtale om kjøp ein bustad som ikkje er ferdig når avtalen vert inngått, eller
  • inngår avtale med ein eller fleire yrkesutøvarar om arbeid i samband med oppføring av ein ny bustad

Lova inneber mellom anna

  • konkrete krav til entreprenøren, mellom anna til utføring av arbeidet og rettleiing av forbrukaren.
  • plikt for entreprenøren til å stille garanti for rett oppfylling av avtalen
  • krav om entreprenøren skal betale dagmulkt dersom forbrukaren ikkje får flytte inn i bustaden til rett tid
  • rett til å gjere manglar gjeldande i en periode på 5 år.
  • rett til å krevje gratis reparasjon (retting) frå entreprenørens side ved dei fleste manglar, og elles rett til å krevje prisavslag, skadebot og eventuelt heving av avtalen.

Bustadoppføringslova vart vedteken av Stortinget i juni 1997. I eit samarbeid mellom Forbrukarrådet og byggjebransjen er det i mellomtida utarbeidd nye standardkontraktar som er i samsvar med lova.

Forbrukarrådet har utarbeidd eit særskilt faktablad om den nye lova. Faktabladet er tilgjengeleg hos Forbrukarrådet og på internett: http://www.forbrukerradet.no

For ytterlegare opplysningar, kontakt lovrådgjevar Espen Bergh, tlf 22 24 53 71.

Lagt inn 23 juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen