Historisk arkiv

Forenkling av ankefristar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 102-99
Dato: 15.10.1999

Forenkling av ankefristar

Regjeringa fremmar i Ot prp. nr. 3 (1999-2000) om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m ei rekke ulike forslag til endring av rettergangslovgjevinga. – Endringene er et ledd i departementets arbeid med å effektivisere og forenkle rettergangen samtidig som vi tar vare på rettssikkerheten for borgerne, seier justisminister Odd Einar Dørum.

Dei viktigaste endringane gjeld tvistemålslova, domstollova og tvangfullføringslova, men og ei rekke andre lover er omfatta av forslaget.

Ein månad frist for anke og kjæremål

Blant dei mest sentrale endringane er forslaget om harmonisering av fristane for anke og kjæremål. Departementet forslår ein frist på ein månad. Det er og forslag om å harmonisere ei rekke andre fristar.

Departementet foreslår noen endringar i prosessreglane for herads- og byrettane og for lagmannsretten. Endringane er mellom anna ei følgje av to-instansreforma. Av forslaga kan mellom anna nemnast utviding av den geografiske grensa for vitneplikta. Dette forslaget vil og bidra til effektivisering i straffesakskjeda, fordi talet på bevisopptak vil gå ned.

Effektivisering av bøtestraffa

Proposisjonen har med fleire forslag om effektivisering av bøtestraffa. For å oppnå positive allmennpreventive og individualpreventive verknader av straffa, er det om å gjere å få til ei effektiv inndriving av straffebøter. Elles vil bøtestraffa lett kunne verke illusorisk. Ettersom bøter er den mest aktuelle straffereaksjonen på mange område, er dette noe ein bør unngå. Departementet forslår derfor å utvide kompetansen til Statens Innkrevingssentral i samband med innkrevjing av bøter. Det foreslås også forlenging av fristen for forelding av bøter.

Enklare å få møterett i Høgsterett

Departementet gjer vidare forslag om endring i noen av rettergangsreglane for Høgsterett. Endringane tar i hovudsak sikte på å forenkle saksbehandlinga i Høgsterett og å redusere saksbehandlingstida. Departementet foreslår mellom anna at domstollova endrast, slik at det i same sak kan vere fleire enn ein prøveadvokat. I tillegg vert det og opna for at ein advokat kan føre to straffesaker for Høgsterett i staden for ein straffesak og ein sivil sak, og på denne måten få møterett for Høgsterett. I tillegg kan nemnast endringar i tvangsfullføringslova som tek inn att einskilde av reglane etter tvangsfullføringslova 1915 og som skal gjere sjølve tvangsinndrivinga enklare i ein del høve.


Kontaktperson:
Lovrådgiver Liv Synnøve Taraldsrud, telefon 22245366

Lagt inn 15. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen