Historisk arkiv

Utval om riksborgarrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

13-99
12.02.1999

Utval om riksborgarrett

Regjeringa har i kongeleg resolusjon sett ned eit utval som skal lage utkast til ny lov om riksborgarrett. Leiar for utvalet er høgsterettsdommar Jan Skåre, Bærum.

Lova om riksborgarrett er frå 1950 og gjev dårleg oversikt over rettsreglane om riksborgarrett. Sentrale rettsreglar fylgjer av ulike rundskriv, interne retningsliner og brei forvaltningspraksis. Behovet for ein gjennomgang og ei modernisering er difor til stades.

I mandatet heiter det mellom anna at utvalet skal vurdere korleis borgarrett kan fremje integrering og samfunnsdeltaking, og om det bør stillast krav til språk eller andre kunnskapar. Andre spørsmål som skal vurderast, er mellom anna krav til butid i Noreg og dobbelt riksborgarskap. Utvalet skal og leggja vekt på lovgjevinga i dei andre nordiske landa.

Utvalet skal kome med framlegget sitt innan 1. januar 2001. Dei øvrige medlemmane er statsvitarprofessor Jan Inge Jansen (Bergen), advokat Bente Holmvang (Bærum), jurist og dagleg leiar Manuela Ramin-Osmundsen (Oslo) og førsteamanuensis i sosialantropologi Kjersti Larsen (Oslo).

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Terje Sjeggestad 22 24 52 40

Lagt inn 12. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen