Historisk arkiv

Sleipner-etterlatne får pengar til søket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 12-2000
Dato: 02.03.00

Sleipner-etterlatne får pengar til søket

Dei etterlatne som hadde engasjert eit firma til å leite vidare etter omkomne i Sleipner-ulukka etter at leitinga var innstilt frå politiet si side, får refundert 95 000 kroner frå Justisdepartementet.

Søket vart avslutta etter ei vurdering frå politimeisteren om at det ikkje lenger var rimeleg sannsynleg at fleire omkomne kunne finnast. Justisdepartementet finn heller ikkje grunnlag for å ta oppatt søket.

Men det er så spesielle forhold i saka at vi i dette høvet likevel finn å kunne seie ja til søknaden om dekning av delar av kostnadene som dei etterlatne har hatt ved privat leige av M/S Risøy til søk, seier justisminister Odd Einar Dørum.

HSD, som eig Sleipner, har tidlegare ytt 150 000 kroner til dette søket, slik at familiane no har fått dekt heile rekninga.

Kontaktperson:Bjørn Talén, telefon 22 24 51 09