Historisk arkiv

Statens Lotteritilsyn til Førde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Pressemelding

Nr.: 8-2000
Dato: 24.02.00

Statens Lotteritilsyn til Førde

Statens Lotteritilsyn vert lagt til Førde kommune. Avgjerda tok justisminister Odd Einar Dørum i dag etter å ha lagt spørsmålet fram for regjeringa. – Plasseringa av Lotteritilsynet i Førde er eit viktig bidrag til regjeringa si satsing på å oppretthalde levedyktige lokalsamfunn i distrikts-Noreg, seier justisministeren.

Statens Lotteritilsyn skal opprettast med verknad frå 1. januar 2001. Omlag 40 kommunar over heile landet melde si interesse for å få det nye statlege direktoratet med 35 arbeidsplassar lagt til sitt distrikt. Ved valet av Førde som lokaliseringsstad er det lagt vekt på at det finst gode kommunikasjonar til alle delar av landet. Det er også lagt vekt på at kommunen har eit fagleg miljø med tilgang på naudsynt juridisk, økonomisk og datateknisk kompetanse.

Lotteritilsynet skal overta Justisdepartementet sine oppgåver med å forvalte lotteri i regi av frivillige organisasjonar og drive kontroll med både lotteri og statlege spel. Lotteritilsynet skal mellom anna godkjenne organisasjonar og autorisere entreprenørar og lokalinnehavarar som driv med lotteri. Tilsynet skal godkjenne alle innretningar for spel og føre kontroll med dei omlag 30 000 speleautomatane i landet. Det skal samstundes opprettast eit eige lotteriregister med oversikt over alle aktørar og oppstilte speleautomatar i marknaden. Kontrollen med alle former for lotteri skal betrast og tilsynet skal knytte til seg omlag 150 deltidstilsette kontrollørar over heile landet som skal stå for kontrollen av dei lokale lotteri.

Tilsynet skal finansierast ved gebyr og avgifter knytta til tilsynet sin verksemd. Det vert lagt opp til at tilsynet skal ha eit årleg budsjett på omlag 45 millionar kroner.

Kontaktpersonar:
Anita Fjærem, 22 24 54 35
Eivind Tesaker, 22 24 54 67