Historisk arkiv

2 Mill kroner meir til Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

122/97
07.11.1997

2 Mill kroner meir til Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Stiklestad Nasjonale Kultursenter skal ta vare på og formidle den nasjonale kulturarven om Stiklestad og Heilag Olav. For å sikre eit godt fagleg fundament i dette arbeidet gjer Regjeringa framlegg om å auke driftstilskotet til Stiklestad Nasjonale Kultursenter med 2 mill. kroner.

Stiklestad Nasjonale Kultursenter er ein knutepunktinstitusjon. Det inneber at staten gir driftstilskot saman med regionale og lokale styresmakter. Framlegget har difor som vilkår at Nord-Trøndelag fylkeskommune og Verdal kommune også aukar driftstilskota.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 7 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen