Historisk arkiv

Arbeidsstipend for yngre kunstnarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

139/97
18.12.1997

Arbeidsstipend for yngre kunstnarar

Ei ny ordning med arbeidsstipend for yngre kunstnarar vil bli innført frå 1998. 162 kunstnarar vil få dette stipendet neste år. Kulturdepartementet har no fastsett retningslinjer for tildeling av arbeidsstipend etter forhandlingar med eit utval oppnemnt av kunstnarorganisasjonane.

Ordninga vil omfatte dei som har fullført kunstnarutdanning høgst tre år tilbake. I Noreg er det om lag 250 som avsluttar kunstutdanninga si kvart år. I tillegg kjem norske studentar som går ut frå utlandske kunsthøgskolar.Kunstnarar utan formell utdanning kan også få stipend berre dei er gode nok, og for desse er aldersgrensa 35 år. Ved fordelinga skal dei gruppene som har det mest vanskeleg prioriterast, og stipendet blir tildelt for eitt til tre år.

I 1998 blir stipendet på 136.000 kroner, dvs. om lag det same som maksimum garantiinntekter for kunstnarar. Stipendet blir utbetalt som arbeidsinntekt, slik at dei unge kunstnarane også får rett til ytingar etter folketrygdlova.

Svært mange av dei unge kunstnarane har store vanskar med å etablere seg. Grupper som biletkunstnarane, kunsthandverkarane og dansarane har så små inntekter av kunstnarisk arbeid at mange må gi opp. Gjennomsnittsinntekta av kunstnarisk arbeid for biletkunstnarar under 35 år var i 1995 20 600 kroner for 1270 timars arbeid, og tilsvarande for kunsthandverkarar var 15 000 kroner for 1010 timar.

Ordninga med eigne stipend og ei aspirantordning / hospitantordning i kunstinstitusjonar for yngre kunstnarar som blei foreslått i Kunstnarmeldinga, tek sikte på å gjere det lettare å etablere seg. Stipenda skal gi dei unge kunstnarane høve til å utvikle seg kunstnarisk og setje dei betre i stand til å leve av kunstnaryrket.

Vedlegg: linkdoc018005-070229#docRetningslinjer for tildeling av arbeidsstipend for yngre kunstnarar

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 18 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen