Historisk arkiv

Auka nynorskbruk i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

141/97
19.12.1997

Auka nynorskbruk i staten

Nynorskbruken i staten har auka dei siste åra, særleg i dokument frå regjeringa til Stortinget. Likevel skortar det enno mykje på at alle statsorgan etterlever kravet om minst 25 prosent av kvar målform i utoverretta informasjonstilfang.

I ei stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste som vart lagd fram i statsråd fredag, blir det streka under at framgangen må sjåast i samanheng med det intensiverte tilsynsarbeidet dei siste åra. Røynslene frå dette arbeidet gir grunn til å vone at framgangen vil halde fram, slik at alle statsorgan snarast råd vil kunne oppfylle minstekrava i mållova, heiter det.

I 1995 vart 29 prosent av alle stortingsdokumenta skrivne på nynorsk. Det var første gongen ein kom over 25 prosent, og det var resultatet av ein jamn auke frå eit nivå på 13 prosent i 1992. Men det er gjennomgåande dei stuttaste stortingsdokumenta som blir skrivne på nynorsk. Derfor var enno i 1996 berre 14 prosent av det samla sidetalet på nynorsk.

Rekna etter sidetal i stortingsdokument har Landbruksdepartementet ein nynorskprosent på 59,7 i femårsperioden 1992-1996. Kulturdepartementet har 46 prosent, Kyrke-, utdannings- og forskingsdepartementet har 31,3 prosent og Fiskeridepartementet har 20 prosent. I Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet var nynorskdelen under ein prosent.

For kortare dokument har det vore ein klar auke i nynorskbruken i departementa i perioden 1992-1996. Nynorskprosenten i rundskriv, kunngjeringar, brosjyrar, pressemeldingar o.l. har auka frå 15 prosent i 1994 til 23 prosent i 1995 og til 31 prosent i 1996.

I meldinga blir det gjort framlegg om at kvart statsorgan skal etablere instruksfesta interne rutinar for veksling mellom målformene. Det blir også lagt opp til systematisk offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken som departementet og Norsk språkråd utarbeider. Kulturdepartementet vil setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut ein del spørsmål om verkeområdet for mållova. Driftsbudsjettet til Norsk språkråd blir foreslått styrkt med 3 mill. kroner slik at rådet kan ta seg av ein del nye oppgåver framover. Eit eige sekretariat for språkteknikk som skal sikre at norsk språk blir brukt også i arbeidet med informasjons- og kommunikasjonsteknologi blir foreslått lagt til Norsk språkråd.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 22. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen