Historisk arkiv

Ikkje reklameavbrot i filmseriar på TV

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 128/97
Dato: 20.11.1997

Ikkje reklameavbrot i filmseriar på TV

Forbod mot reklameavbrot i TV-program gjeld ikkje berre for spelefilmar og filmar laga for fjernsyn, men også for filmseriar og andre såkalla fiksjonsbaserte program. Dette blei slått fast i ei endring i forskrifta til kringkastingslova fastsett i statsråd torsdag.

Ifølgje den nye kringkastingsforskrifta frå februar i år skal avbrot i spelefilmar og fjernsynsfilmar vere på minst 20 minutt for at det skal kunne sendast reklame i avbrotet. Regelen har blitt praktisert slik at den ikkje har omfatta bl.a. filmseriar. For å hindre at ein slik utilsikta praksis blir vidareført, er no reglane presiserte på dette punktet.

I teater- og konsertoverføringar kan det berre sendast reklame i naturlege pausar. I regelendringa blir det framheva at dette også gjeld for sportssendingar og andre program som består av fleire fullenda delar eller der det er naturlege pausar.

Forskriftsendringa tek til å gjelde frå 1. desember i år.

Informasjonssjef Berit Griebenow, tel 22 24 78 09

Lagt inn 20 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen