Historisk arkiv

Jørstad rådgjevar for Lahnstein

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

111/97
22.10.1997

Jørstad rådgjevar for Lahnstein

Guri Jørstad (28) er tilsett som politisk rådgjevar for kulturminister Anne Enger Lahnstein. Ho har vore politisk rådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe og medarbeidar for partileiaren sidan januar i år. Ho arbeidde spesielt med integrering og flyktningespørsmål. Frå februar 1996 var ho internasjonal sekretær i Senterpartiets hovudorganisasjon.

Guri Jørstad er cand. polit, med hovudfag i pedagogikk, frå Universitetet i Oslo. Hovudoppgåva blei skriven med stipend frå Noregs forskingsråd, som ein del av eit skuleprosjekt innanfor forskingsprogrammet KULT.

Guri Jørstad var redaktør for studenttidsskriftet Pedagogisk Profil i 1995. 1992-1993 var ho leiar for Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), Universitetet i Oslo.

Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf.22 24 78 09

Lagt inn 22 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen