Historisk arkiv

Kampen mot vald i biletmedia vil halde fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.131/97
Dato 27.11.1997

Kampen mot vald i biletmedia vil halde fram

Regjeringa vil gi arbeidet mot vald høg prioritet, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland på avslutningskonferansen for handlingsplanen mot vald i biletmedia i Oslo torsdag.

-Kampen mot destruktive og kyniske haldningar i biletmedia vil halde fram sjølv om den treårige handlingsplanen nå blir avslutta. Regjeringa vil også satse på å styrkje mediekunnskapen til barn og unge, sa Svarstad Haugland. Ho viste til Voksenåsenerklæringa som slår fast at "det er viktig å motvirke den negative effekten vold i media kan ha på voldsutviklingen og annen kriminalitet i samfunnet". -Dette er ein del av den verdidebatten vi ønskjer å dra i gang, sa ho.

-Eg har ikkje inntrykk av at omfanget av valdsskildringar i biletmedia er blitt særleg redusert dei siste åra. Her får bransjen ta sin del av ansvaret. Kinosjefar og filmimportørar verkar ikkje spesielt opptekne av å avgrense talet på valdsfilmar på norske kinoar, sa Valgerd Svarstad Haugland. Ho tok til orde for å styrkje forskinga, særleg i høve til nye media.

På konferansen blei gjennomførte endringar i lovverk og praksis gjennomgått. Forskingsresultat blei presenterte om den kommunale kinoen og repertoarfridommen, framstelling av vald og kjønn i dataspel, korleis barnepornografi blir formidla via Internett, kva røynsler ungdom har med vald i biletmedia, og internasjonale perspektiv på barn og vald i biletmedia.

Kulturdepartementet har vore hovudansvarleg for handlingsplanen mot vald i biletmedia, som har omfatta over 60 ulike tiltak. I samarbeidsprosjektet har Barne- og familiedepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Justisdepartementet vore med, saman med skoleverket, frivillige organisasjonar og mediebransjen.


Kontaktperson Ekspedisjonssdjef Helge Sønneland, tlf. 22 24 80 02

Lagt inn 27 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen