Historisk arkiv

Kontaktutval for antidopingarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

130/97
27.11.1997

Kontaktutval for antidopingarbeid

Kulturminister Anne Enger Lahnstein har oppnemnt eit kontaktutval for antidopingarbeidet i Noreg. Både frå styresmaktene og idretten si side er det eit ønske om å setje fokus særleg på dopingproblemet utafor den organiserte idretten.

Kontaktutvalet skal utarbeide og setje i verk ein handlingsplan for antidopingarbeidet i Noreg, der verksemda utafor den organiserte idretten vil bli særleg vektlagd. Utvalet skal sikre best mogleg samordning av antidopingarbeidet, og sørgje for at viktig informasjon kjem ut til offentlegheita og særleg relevante miljø.

Utvalet blir leia av ekspedisjonssjef Hans B. Skaset, Kulturdepartementet, med rådgjevar Tove Indgjerd som sekretær. Dei andre medlemmene er professor/avdelingsoverlege Egil Haug, Hormonlaboratoriet, Aker Sykehus, førstekonsulent Sissel Bye Ytterborg, Barne- og familiedepartementet, førstekonsulent Trine Hinna, Forsvarsdepartementet, oberstløytnant Einar Lauritsen, Forsvarets overkommando, underdirektør Kjell Bjørn Aarø, Justisdepartementet, avdelingssjef Rune Andersen, Norges Idrettsforbund, professor Roald Bahr, Noregs idrettshøgskole, politiførstebetjent Julie Stuberg, Politi- og lensmannsetaten, konsulent Nina E. Bisgaard, Toll- og avgiftsdirektoratet, rådgjevar Unn Nicolaysen, Sosial- og helsedepartementet, og rådgjevar Margrethe Sunde, Statens helsetilsyn.

Rådgjevar Tove Indgjerd, tlf. 22 24 80 79

Lagt inn 27. november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen