Historisk arkiv

Lokalradioar får vidaresende program motteke via satelitt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

142/97
19.12.1997

Lokalradioar får vidaresende program motteke via satelitt

Lokalradioane får høve til å sende vidare uendra inntil 25 prosent av programstoff frå ein sentral leverandør. Dette går fram av ei endring av forskrift om kringkasting som vart fastsett i statsråd fredag. Endringa trer i kraft 1. januar 1998.

Med unntak for korte nyheitssendingar, har ikkje lokalradioane hatt høve til uendra vidaresending av programmateriale motteke via satellitt.

Stortinget gjekk tidlegare i år inn for ei slik endring for å styrkje situasjonen for lokalradioane.

Ekspedisjonssjef Helge Sønneland, tlf. 22 24 80 02

Lagt inn 19 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen