Historisk arkiv

Norges Idrettsforbund får 246,8 mill kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 136/97
Dato: 12.12.1997

Norges Idrettsforbund får 246,8 mill kroner

Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite vil på nyåret i 1998 få 246, 835 mill. kroner av det venta speleoverskotet for 1997 i Norsk Tipping AS. Dette vart fastsett i statsråd fredag.

Overføringa blir auka med vel 8,9 mill. kroner eller 3,76 prosent i høve til inneverande år. 5 mill. kroner av auken kjem frå ei prisjustering av rammebeløpet på 2,5 prosent. I samband med Idrettsforbundets omfattande integreringsprosjekt er posten for integrering av funksjonshemma justert kraftig opp, frå 1,5 til 4,5 mill. kroner.

I overføringa ligg 18,55 mill. kroner i øyremerkte midlar til prioriterte område som anti-dopingarbeid, barn, unge, kvinner og eldre. Dessutan er 2,5 mill. kroner sett av til forsking på område idretten sjølv meiner er viktige.

Til Noregs deltaking i OL og Paralympics i Nagano i 1998 og Sydney i år 2000 blir det sett av 12,250 mill. kroner. Kulturdepartementet ser til at det blir sett av midlar i ein 4-årsperiode fram til dei neste vinter- og sommarleikane, slik at belastninga på spelemidlane kan fordelast over fleire år.

Det samla speleoverskotet for 1997 til idrettsformål er rekna til å bli om lag 621,5 mill. kroner. Ved den førre tildelinga var det endelege overskotet 631 mill. kroner. I tillegg til tilskotet til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite går midlane til idrettsanlegg og enkeltståande prosjekt.

Lagt inn 12 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen