Historisk arkiv

Regjeringas handlingsplan mot vald i biletmedia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

129/97
24.11.1997

Avslutningskonferanse:

Regjeringas handlingsplan mot vald i biletmedia

Rica Sjølyst Konferansesenter Oslo,27. november

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland set torsdag strek for Regjeringas handlingsplan mot vald i biletmedia, eit treårig samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Justisdepartementet.

På konferansen vil arbeidet som er gjort bli oppsummert. Gjennomførte endringar i lovverk og praksis vil bli gjennomgått. I tillegg vil ein stor del av konferansen bli brukt til å presentere forsking om den kommunale kinoen og repertoarfridommen, framstelling av vald og kjønn i dataspel, korleis barnepornografi blir formidla via Internett, kva røynsler ungdom har med vald i biletmedia, og internasjonale perspektiv på barn og vald i biletmedia. Det vil også bli presentert synspunkt på vald i biletmedia frå ein filmkritikar sin ståstad.

Konferansen blir avslutta med ein paneldiskusjon leia av barneombod Trond Waage, og med desse deltakarane:

Grete Fossum (Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, Stortinget), Monika Roser Heineberg (styremedlem, Norske kinosjefers forbund, kinosjef), Pål Byberg (marknadssjef, Egmont film A/S - største distributør av dataspel), Dagfinn Thune (adm.direktør i Warner home video- importør av utleigevideo), Per Haddal (kommentator / filmkritikar, Aftenposten), Eva Aasland (foreldrerepresentant, Kristiansand)

Til pressa

Pressa er velkomen til konferansen som blir halden torsdag 27. november, kl. 10.00 - ca. 17.00 i Rolf Stranger-salen, 3.et., Rica Sjølyst Konferansesenter, Drammensveien 154, tlf. 22 43 94 90

Eventuelle spørsmål kan rettast til prosjektleiar Liv Jorunn Kolnes, sekretariatet til handlingsplanen, tlf 22 47 46 01, mobil tlf. 906 97 394

Lagt inn 24 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen