Historisk arkiv

Språkleg mangfald i informasjonssamfunnet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

138/97
18.12.1997

Språkleg mangfald i informasjonssamfunnet

Kulturminister Anne Enger Lahnstein understrekar at ein særskilt innsats må til om ikkje engelsk skal bli einaste språk for elektronisk informasjon og kommunikasjon i framtida. Stortinget vedtok torsdag fast norsk deltaking i EU-programmet Multilingual Information Society (MLIS), som er eit av fleire tiltak for å møte dei nye utfordringane for språkpolitikken.

EU-programmet skal stimulere til at teknologiske hjelpemiddel blir utvikla og tilpassa dei små språka. MLIS-programmet er spesielt retta mot små og mellomstore verksemder, som skal få kjennskap til og ta i bruk dei elektroniske ressursane som finst. Programmet skal gi gunstige vilkår for utvikling av såkalla språkindustriverksemder, til dømes omsetjarfirma, forlag og programvareprodusentar. MLIS-programmet går over tre år frå 1997, og har eit samla budsjett på 20 mill kroner.

Arbeidet med språkprogrammet skal samordnast av Kulturdepartementet i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 18 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen