Historisk arkiv

Statssekretær Ekeberg trekkjer seg frå verv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 144/97
Dato 22.12.1997

Statssekretær Ekeberg trekkjer seg frå verv

Statssekretær Ivar Egeberg i Kulturdepartementet trekkjer seg frå ei rekkje verv innafor norsk idrett og anna samfunnsverksemd.

Han trekte seg som ordførar i Sørum kommune 27. november.

Egeberg seier m.a. frå seg verva sine i ulike utval og grupper i Norges Idrettsforbund og Olympiske komite. Han trekkjer seg frå komiteen som skal arrangere VM i ishockey i 1999 og ressursgruppa for anleggsutvikling i Norges Ishockeyforbund. Vidare går han ut av komiteen i Norges Friidrettsforbund som ser på friidrettens marknadsrettar. Han trekkjer seg også frå styret i AS Åråsen Stadion og stiftinga NaKuHel.

Egeberg sel aksjane sine i Biong Prosjekt AS og trekkjer seg ut av styret for selskapet. Firmaet driv m.a. med utvikling av idrettsanlegg som til dels er finansierte av spelemidlar.

Ivar Egeberg har permisjon frå administrasjonen (ikkje som leiar / generalsekretær) i Norges Fotballforbund fram til 1999. Han beheld aksjane sine i eit privat helsestudio og vil halde fram som medeigar og styremedlem i eit selskap som driv med utvikling og sal av idrettsanlegg til utlandet.

Egeberg vil vere medlem i styret for Bislett Alliansen inntil Oslo kommune eventuelt har prioritert Bislett som nasjonalanlegg for friidrett. Bislett Aliansen er ein frittståande organisasjon som ikkje får økonomisk støtte frå det offentlege. Bislett Alliansen arrangerer idrettsstemne ulike stader i Noreg - først og fremst Bislett Games. Han vil fråtre som inhabil i forhandlingar mellom Bislett Alliansen og NRK om TV-rettar.

Kontaktperson: Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf. 22 24 78 09

Lagt inn 23. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen