Historisk arkiv

1998-Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

09/98
30.01.1998

1998-Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt

Fordelinga av løyvinga til Norsk kulturfond for 1998 på 176,208 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag.

Den største avsetninga på 65 mill. kroner er til litteratur, i hovudsak til innkjøpsordninga for litteratur.

Som ei oppfølging av kunstnarmeldinga er det sett av 3 mill. kroner til nyskapande prosjekt knytte til bruk av informasjonsteknologi på kunstområdet. Til kunst og det fleirkulturelle samfunnet er det sett av 5 mill. kroner, ein auke på 3 mill. kroner. Avsetninga til scenekunst er på 30,4 mill. kroner, av dette går 27,1 mill. kroner til støtteordninga for fri scenekunst. Det er ein auke på 7 mill. kroner frå 1997.

Musikkavsetninga er auka med 800 000 kroner til 8,8 mill. kroner for å gjere mogeleg ei viss utviding av støtta til ensemble i 1998.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Løyvinga til Norsk kulturfond er vidare fordelt slik: tidsskrift 2,3 mill kroner, biletkunst/kunsthandverk 9,2 mill kroner, kulturvern 12,6 mill. kroner, barn og unge 7, 6 mill. kroner, kulturbygg 9,5 mill. kroner, arkitektur og omgjevnader 2,5 mill. kroner, kultur og helse 5 mill. kroner, andre formål 13,1 mill. kroner og utval og utgreiingar 2,2 mill. kroner.

Lagt inn 30. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen