Historisk arkiv

79,6 mill kroner til kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 81/98
Dato: 5. oktober 1998

79,6 mill kroner til kulturbygg

Til kulturbygg blir det gjort framlegg om ei løyving på til saman 79,6 mill. kroner i 1999. Til nasjonale kulturbygg er det foreslått 43,3 mill kroner. Departementet rår til ei løyving på 36,3 mill kroner til investeringstilskot til lokale og regionale kulturbygg.

Kulturdepartementet har i 1999 prioritert å halde oppe og styrkje driftsgrunnlaget for kulturinstitusjonane. Investeringsomfanget for kulturbygg er derfor dempa noko, ved at prosjekt blir utsette til eit seinare år eller igangsette seinare i 1999 enn det vart lagt opp til tidlegare.

Nasjonale kulturbygg

Budsjettforslaget gjeld følgjande tidlegare vedtekne prosjekt: Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter 8,3 mill kroner, Filmparken til Norsk Film AS 26 mill kroner og Kunstnernes Hus 9 mill kroner og Ivar Aasen-tunet, som får ei rammeutviding på 6,7 mill kroner, men ikkje utbetaling av statlege midlar i 1999. Det gjer heller ikkje Sørlandets Kunstmuseum og Rogaland Teater. Statsbygg har byggherreansvaret for alle prosjekta med unnatak av Norsk Film, og gjennomfører den nødvendige kvalitetssikringa.

Lokale og regionale kulturbygg

Departementet foreslår å løyve 36,3 mill. kroner til lokale og regionale kulturbygg. Stønadssatsane til lokale kulturbygg er inntil 2 mill kroner i Finnmark og Troms, inntil 1,6 mill kroner i Nordland og Namdalen og inntil 1 mill kroner i resten av landet. Til regionale kulturbygg er stønadsatsen inntil 5 mill kroner over heile landet.

Departementet gir rammeoverføringar til fylkeskommunene, som står for deltaljfordelinga til den einskilde søkjar. For dei prosjekta som får midlar, blir tildelingane ofte fordelte over fleire år.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen