Historisk arkiv

Arkivverket får auka tilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 92/98
05.10.98

Arkivverket får auka tilskot

Løyvinga til Arkivverket og Norsk lokalhistorisk institutt blir foreslått auka med vel 7,5 mill kroner, til 140,84 mill kroner i 1999.

I beløpet inngår også 1,8 mill kroner i samband med at Riksarkivaren har teke over arbeidsgivaransvaret for tidlegare Televerkstilsette, som dei siste åra har vore sysselsette med edb-registrering av befolkningshistorisk arkivmateriale. Overtakinga skjedde frå 1. juni 1998 og omfatta registreringssentralar på Voss og i Stavanger, dessutan delar av ei registreringseining i Oslo.

Riksarkivaren overtok samstundes basen med registrerte data, som omfattar store delar av folketeljingane frå 1865 og 1900. Dette er no lagt ut for søk på Internett som ei gratisteneste gjennom det såkalla Digitalarkivet. Det er venta at heile 1865-teljinga vil vere digitalisert innan utgangen av 1999. Deretter kan ein gå vidare med dei andre folketeljingane.

Digitalarkivet er utvikla i eit samarbeid mellom Historisk institutt ved Universitetet i Bergen og Statsarkivet i Bergen. Det er uttrykk for eit ønske om å utnytte den nye elektroniske teknologien til å lette tilgangen til utvalde delar av det papirbaserte kjeldematerialet som Arkivverket har hand om. Mellom anna vil skuleverket på alle nivå kunne gjere seg nytte av dette materialet på ein heilt annan måte enn før.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen