Historisk arkiv

Auka driftstilskot til den norske opera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 88/98
05.10.98

Auka driftstilskot til den norske opera

Tilskotet til Den norske Opera blir auka med nesten 10 mill kroner til 173,2 mill kroner. Framlegget har som siktemål å halde oppe og styrkje den kunstnarlege utviklinga ved institusjonen. Inkludert i tilskotet ligg også støtta til Riksoperaverksemda.

For 1999 blir det også foreslått eit eingongstilskot til Den norske Opera på 8 mill kroner til sikringstiltak. Ein kontroll av den teatertekniske utrustinga har resultert i eit pålegg om utbetringar for at drifta av institusjonen kan halde fram. Eingongstilskotet er naudsynt sidan ei slik ekstraordinær utgift ikkje kan bli dekt innanfor Den Norske Opera sitt ordinære budsjett utan vesentlege skadeverknader for drifta av institusjonen.

Forslag om nytt operahus til våren

Kulturdepartementet tek sikte på å leggje saka om nytt operahus fram for Stortinget våren 1999. Stortingsbehandlinga i juni 1998 av St prp nr 37 (1997-98) viser at det er eit breitt fleirtal i Stortinget som ønskjer at det skal byggjast eit nytt operahus. Det var likevel ikkje mogleg å få fleirtal for noko lokaliseringsalternativ. I samband med den vidare utreiinga av saka arbeider departementet også vidare med ein modell for formidling av opera, musikkteater og ballett i Noreg.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen