Historisk arkiv

Auka driftstilskot til hålogaland teater

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 85/98
05.10.98

Auka driftstilskot til hålogaland teater

Tilskotet til Hålogaland Teater blir foreslått auka i 1999 til 15 mill kroner, frå 13,97 mill kroner i 1998. Framlegget skal styrkje aktivitetsnivået ved teatret.

Hålogaland Teater har eit særskilt ansvar for den profesjonelle teaterverksemda i Nord-Noreg. Teatret er ein region-/ landsdelsinstitusjon som får 70 prosent av tilskotet frå staten og 30 prosent frå regionen. Departementet tilrår at teaterhus - prosjektet for Hålogaland Teater blir vurdert på ny i budsjettet for 2000.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5.oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen