Historisk arkiv

Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 77/98
Dato: 5. oktober 1998

Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter

Det samla driftstilskotet til det nye Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter, inkludert Eidsvollsbygningen er på 5,9 mill kroner i 1999. Det er løyvd midlar til bygging av senteret over Kulturdepartementet sitt budsjett i 1998. Bygginga skal ta til i 1999, og opning av senteret er planlagd til 17. mai 2000. På bakgrunn av dette er det sett av midlar til drift av senteret i 1999.

Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter på Eidsvoll skal setje søkjelyset på hendingane i 1814 og setje desse inn i ein større historisk samanhang. Senteret skal mellom anna leggje vekt på utviklinga av demokratiske idear og dagens menneskerettsproblematikk i eit internasjonalt perspektiv.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen