Historisk arkiv

Framleis tilskot til rock

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 93/98
05.10.98

Framleis tilskot til rock

Løyvingane til rock og annan rytmisk musikk var i 1998 på vel 17 mill kroner. Det er lagt opp til same nivå for 1999.

Kulturdepartementet har lagt fram forslag til ei noko endra forvaltningsordning for dei statlege tilskota til rock og annan rytmisk musikk. Forslaget er basert på ein rapport frå Statskonsult, som har vurdert dei erfaringane som er gjorde sidan ordningane vart etablerte på byrjinga av 90-talet.

Departementet gjer framlegg om at organisasjonane får eit utvida ansvar for dei statlege midlane ved å stille dei til rådvelde som samletilskot. Departementet legg opp til at dei statlege tilskota til Samlet Norsk Rock med medlemsorganisasjonar, til Noregsnettet og til musikkverkstader vil bli tildelte av Rikskonsertane, som har ansvar for styrings- og kontrolloppgåvene for staten.

Rikskonsertane skal forvalte turné-, festival og transportstøtte for rock og annan rytmisk musikk. Turné-, festival- og transportstøtteordninga skal gjere sitt til at levande, rytmisk musikk blir tilgjengeleg for fleire, heve kvaliteten hos utøvarar og arrangørar og sikre stabilitet og aktivitet gjennom støtte til turnear i inn- og utland og til konsertar og festivalar med norske utøvarar.

Norsk Musikkråd skal gjennom musikkverkstadene leggje til rette for opplæring og øving innanfor rytmisk musikk på lokalt nivå. Noregsnettet skal ha som mål å etablere eit landsomfattande nettverk for profesjonelt drivne og godt utstyrte spelestader for rytmisk musikk.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen